Meir informasjon om brev med påminning

Infeksjon med humant papillomavirus (HPV) er årsaken til dei fleste celleforandringar i livmorhalsen.

HPV-infeksjonar er svært vanlege. HPV førekjem både hos kvinner og menn, og vert overført seksuelt. Dei fleste HPV-infeksjonar er ufarlege, og går over av seg sjølve. I nokre tilfelle går ikkje infeksjonen tilbake, men gir alvorlege celleforandringar som kan utvikle seg til livmorhalskreft.

Kor kan eg ta celleprøve?

Fastlegen tek prøva. Ta gjerne med deg dette brevet til legen. Ynskjer du å gå til gynekolog, vert det i dei fleste høve kravd tilvising frå fastlege. Du må sjølv dekkje utgiftene til undersøkinga.

Beste tid for prøvetaking er mellom to menstruasjonar. Det er tilrådd å unngå vaginale medikament og samleie dei to siste dagane før du tek prøve.

Dersom du nyleg har teke prøve, kan du sjå bort frå denne påminninga.

Det tek inntil tre til fire månader før Kreftregisteret har fått prøvesvaret frå laboratoriet som undersøkjer prøva. Legen din får svar på prøva i løpet av ei til to veker, og skal informere deg om resultatet.

Kva er ulempene ved å ta celleprøve?

Å få tatt ei celleprøve kan føre til angst og uro fram til svaret kjem. Dette er ein normal reaksjon. Snakk med legen din om dette, eller sjå på heimesida til Kreftregisteret for meir informasjon.

Du kan reservere deg mot at personidentifiserbare opplysningar ved normalt funn vert registrert.

Personidentifiserbare opplysningar omfattar namn, fødselsnummer, adresse og bustadkommune.
Reservasjon kan gjerast på ein av følgjande måtar:

  • Bruke vår elektroniske svarteneste, www.kreftregisteret.no/reservasjon
  • Skrive ut reservasjonsskjema frå nettsida vår, og sende det til oss i posten
  • Sende ei skriftleg og underteikna melding til oss kor du gir opp namn, fødselsnummer og adresse, og kor det tydeleg kjem fram at du reserverer deg mot at personidentifiserande opplysningar vert registrert permanent

Ver merksam på at du ikkje kan reservere deg via e-post eller telefon. 

Reservasjon har følgjande verknadar:

  • Personidentifiserande opplysningar knytt til dine normale prøver vert slett
  • Oversikt over tidlegare påminningar som er sendt deg, vert sletta
  • Vi vil ikkje lenger kunne sende deg regelbundne brev med påminning

 

Reservasjonen kan seinare trekkjast attende, men opplysningane som er sletta, vil ikkje kunne registrerast på nytt.

 

Eg ynskjer ikkje/har ikkje behov for å få påminning

Reservasjon kan gjerast på ein av følgjande måtar: 

  • Bruke same framgangsmåte som ved reservasjon mot lagring av personopplysning
  • Sende oss ein e-post kor det kjem tydeleg fram at du ikkje ynskjer påminning.
    Vi treng namn, fødselsdato og adresse for å kunne oppfylle ynskje ditt

Dersom du igjen skulle ynskje å få påminning, kan du gi oss beskjed.
Vi ber om at du ikkje sender helseopplysningar i e-post.

Kreftregisterets verksemd er regulert i ei eiga forskrift (Forskrift om innsamling og behandling av helseopplysningar i Kreftregisteret av 21. desember 2001).