Låg førekomst av lungekreft i Ullensvang herad
Kreftregisterets statistikk over krefttilfelle i Ullensvang herad viser at førekomsten av lungekreft i kommunen er lågare enn landsgjennomsnittet.
I samband med diskusjonen om høge verdiar av radon i eit boligfelt i Ullensvang herad har Kreftregisteret teke ut ein statistikk over førekomsten av lungekreft i kommunen. Det er gjort fordi radon, ved sida av røyking, eller særleg saman med røyking, kan føre til lungekreft. Det gjeld når ein pustar inn radon i høge konsentrasjonar over lang tid.
Kommunestatistikken viser at talet på registrerte tilfelle av lungekreft i Ullensvang er lågare enn landsgjennomsnittet. I perioden 1977–2008 er det registrert 10 tilfelle av sjukdommen hos kvinner, og 27 tilfelle hos menn. Dette talet er berre 50 til 70 prosent av det vi ville venta utifra førekomsten i heile landet. Den mest nærliggande forklaringa er at røykevanane i Ullensvang har vore meir gunstige enn elles i landet.