Kreftførekomst i Osterøy kommune

Kreftregisteret har fått i oppgåve å hjelpe til å svare på spørsmål om kreftførekomsten i Aust-bygda, Osterøy, etter at det har vore lokal uro over førekomsten. Kreftregisteret får ein del slike spørsmål, frå arbeidsplassar, kommunar eller einskildpersonar. Mange synest det blir fleire krefttilfelle enn det har vore før, og eit vanleg spørsmål er om det kan ha samband med miljøet, drikkevatn, luft, mat osb. Saka blir fulgt opp av kommuneoverlegen.

Det er inga lett sak å gje forklaring på kvifor kvar enkelt av oss får kreft, men vi veit noko om årsakene til nokre av kreftformane. Elles er situasjonen ofte slik at folk kjenner fleire og fleire som får kreft, etter kvart som vi sjøl lever lengre og blir eldre. Kreft kjem oftast seint i livet, om lag 90% av diagnosane blir stilte på folk som har fylt 50. Nokre gonger er sjukdommen alvorleg og dramatisk. Om lag 30–40% av oss får ein kreftdiagnose i løpet av livet. Prosent-talet kan variere ettersom korleis ein teller.

Kreftregisteret har informasjon om nye tilfelle av kreft i Noreg sidan 1953 (om diagnose, alder, kjønn, og bustadkommune). Vi kan hente ut anonym statistikk for landet, fylke og kommunar frå denne databasen, men ikkje for mindre geografiske einingar, som grender osb. Eit problem kan likevel vere at kommunen sjølv er liten, slik at mange av kreftsjukdommane kvar for seg blir det vi kallar "sjeldne hendingar". Det kan gjere det vanskeleg å samanlikne tala, fordi ein treng større tal (fleire tilfelle) for å rekne ut om storleiken ligg innafor det som er sannsynleg, eller innafor det vi vil vente utifrå tilfeldig variasjon.

Det er og viktig å vere klar over at sjeldne hendingar som regel ikkje er spreidde jamt utover, men dei kan komme tett eller spreidd både over tid og mellom ulike stader, slik at dei ”klumpar” seg og etterlet frie område eller periodar. Det gjeld også for kreftdiagnosar når ein ser på ein liten kommune.

Trass i dette kan det vere nyttig å sjå på kreftbiletet i kommunen. Denne rapporten tek føre seg Osterøy, og samanliknar førekomsten av dei vanlegaste kreftsjukdommane med Hordaland fylke og heile Noreg, for kvinner og menn kvar for seg.

Talet på krefttilfelle er rekna om til alders-standardiserte ratar (= talet på tilfelle per 100 000 personar per år). Ein "rate" er altså eit omrekna tal, som er slik at dei kan samanliknast på tvers av tid og geografi, fordi vi har teke omsyn til aldersfordelinga, folketalet (i kommunen, fylket, landet), kjønn, og den tidslengda som vi har følgt kreftførekomsten. I denne rapporten er Osterøy det minste av dei 3 områda som vi har henta ut tal for, og ratane vil difor variere meir for Osterøy (tilfeldig variasjon) enn det dei gjer for fylket og for landet. Eg kommenterer kort kvar tabell.

All kreft

Førekomsten av alle kreftsjukdommar samla gir eit slags bilete av kor mykje kreft som finst. Alle diagnosane er nok ikkje kjende blant folk flest. Ulike kreftsjukdommar kan ha kvar si årsak eller årsaker, nokre kjenner vi godt, og andre veit vi lite om. Biletet av "all kreft" er difor eit resultat av mange ulike tiløve. Tala for Osterøy er stort sett lågare enn for landet elles. Som vi ser, er det for heile landet fleire kreftdiagnosar i dag enn det var før. Det er mange årsaker til det, slik som røyking og soling. Betre diagnostikk trekker og talet opp, og det kan gjere at vi oppdager fleire sjukdommar som ikkje er så farlege.

Kreft blant unge

Kreft som kjem før vaksen alder er uvanleg, men er vondt for familien og vennar. Kreft hos barn kan vere dramatisk, sjølv om både levkemi og testikkelkreft ofte blir behandla med vellukka resultat. Tala for Osterøy er små, og i 40-års-perioden 1972–2011 var det i denne aldersgruppa i alt 20 tilfelle blant jenter og gutar til saman. Det er omtrent slik vi ville vente, sjølv om talet ikkje er jamt frå år til år gjennom perioden.

Prostatakreft

Det er den vanlegaste kreftformen hos menn. Talet på tilfelle har auka siste 20 åra, mest på grunn av bruk av blodprøva PSA-test. Den gjer at fleire diagnosar blir stilte, men mange av dei kan vere ganske snille sjukdommar. Vi veit lite om årsaka (årsakene) til sjukdommen. Tala for Osterøy liknar resten av landet.

Brystkreft

Brystkreft er den vanlegaste kreftsjukdommen hos kvinner. Førekomsten har samband med hormon, talet på fødslar, og alderen ved fødslane (gunstig med fleire barn og fødslar i ung alder) osb. Alkohol aukar risikoen. Tala for Osterøy er om lag som for landet elles.

Tjukk- og endetarmskreft

Samla er dei ein av dei vanlegaste kreftsjukdommane. Førekomsten har auka gjennom dei siste 50 åra, og vi trur det har å gjere med "moderne" levevis.

Lungekreft

Lungekreft er ein alvorleg kreftsjukdom som i mange tilfelle har samband med røyking, og som kan ha samband med miljøfaktorar som radon i inneluft, arbeidsmiljø (asbest og andre kjemikalie), og luftforureining. Førekomsten av lungekreft i Osterøy er ganske låg.

Kreft i beinmerg/blod/lymfe (mest lymfom og levkemi)

Dette er ei gruppe sjukdommar som kan ha samband med radioaktiv stråling eller røntgenstråling, eller med kjemisk forureining, men i dei fleste tilfella veit vi ikkje kva årsaka er. Talet på tilfelle i Osterøy ligg lågare enn landet og fylket.