Innføring av HPV-test til yngre vil førebygge fleire krefttilfelle
Det betyr at det er slutt på celleprøver (cytologisk vurdering av livmorhalsprøva) for kvinner i alderen 25-33 år kvart tredje år. Med HPV-test til alle, kan Livmorhalsprogrammet endrast til at kvinnene tek test kvart femte år. Grunnen til at ein kan vente fem år mellom kvar gong ein deltek i screening, er fordi risikoen for å utvikle alvorlege celleforandringar er minimal når ein ikkje påviser HPV.
HPV er årsaka til dei aller fleste tilfelle av livmorhalskreft.
– Ein HPV-test gjer at kvinner som er HPV-positiv, kan få påvist alvorlege celleforandringar tidlegare. Innføringa kan redusere talet på krefttilfelle i aldersgruppa 25-33 år med opp til 44 tilfelle av dei rundt 50-70 tilfella vi har i denne aldersgruppa per år, seier Trude Andreassen. Ho er leiar i styringsgruppa for dei nasjonale kreft-screeningprogramma i Helsedirektoratet.
Førebygger fleire krefttilfelle
Ein HPV-test er ein meir følsam og sikker metode for å finne HPV-infeksjonar samanlikna med det ein celleprøve-analyse er for å finne celleforandringar.
HPV-testen fangar opp kvinner som treng vidare oppfølging og eventuell behandling tidlegare.
– HPV er eit svært vanleg virus og dei aller fleste som er seksuelt aktive har ein eller fleire HPV-infeksjonar i løpet av livet. Med HPV-testing vil derfor mange få beskjed om at dei har fått påvist HPV. I dei aller fleste tilfella vil immunforsvaret til kroppen nedkjempe HPV-infeksjonen og eventuelle celleforandringar. Kvinner som får påvist HPV via screening, vil få tilpassa oppfølging.
Det er viktig å vere klar over at dei færraste HPV-infeksjonane utviklar seg til livmorhalskreft, og vanligvis tek det 10-15 år før HPV-virus eventuelt utviklar seg til kreft, understrekar Andreassen.
Viktig å oppsøke legen ved symptom
Livmorhalsprogrammet er eit screeningprogram for kvinner i alderen 25 – 69 år. Med screening er målet å oppdage kvinner som treng oppfølging og behandling. Det er viktig å vere klar over at ein må oppsøke lege dersom ein får symptom i underlivet, uavhengig av når ein testa seg sist og kva prøvesvaret viste.
Sjølv om HPV-test er meir følsom enn cellprøve, er ikkje testen egna til å utrede kvinner med symptom. Ved symptom, må kvinna gå til gynekologisk utredning.
Symptom som ein må vere obs på kan vere:
- blødingar etter samleie
- vedvarande smerter i underlivet
- blodig eller illeluktande utflod
- vedvarande smerter i korsryggen
- uregelmessige blødingarfra underlivet
Kan nærast utrydde livmorhalskreft
I Noreg var det omlag 300 livmorhalskreft-tilfelle i 2022.
– Dette talet jobbar vi for å redusere. Målet er å nærast utrydde livmorhalskreft i løpet av dei neste tiåra, seier Andreassen.
Livmorhalskreft kan bli nedkjempa ved hjelp av blant anna tre effektive tiltak:
- HPV-vaksinasjon som blir tilboden alle norske jenter og gutar som del av Barnevaksinasjonsprogrammet.
- Deltaking i Livmorhalsprogrammet.
- Behandling av oppdaga alvorlege celleforandringar
– Med dei tre tiltaka, saman med god etterleving av tilrådingar, kan vi nærme oss målet om å utrydde livmorhalskreft. Ved å tilby HPV-testing også til dei yngste kvinnene kan ein framskunde dette, avsluttar Trude Andreassen.
I tillegg blir det jobba med fleire andre tiltak som for eksempel auka oppmøte til Livmorhalsprogrammet, HPV heimetesting samt bruk av kunstig intelligens og persontilpassa oppfølging etter deltaking i Livmorhalsprogrammet.